En terrorist i senga
Adrian er sistemann ned akebakken og oppdagar ein svart bylt i snøen. Det er ein svarthåra ungdom. Adrian trur fyrst han er daud, men så ille er det ikkje, derimot har han mist hukommelsen - noko som fører til store problem og mange forviklingar. Adrian finn ut at han må redda denne ungdomen og tek han med seg heim.Dette må vera hemmeleg for dei andre i huset. I kjellaren bur oldefar som er svært skeptisk til innvandrarar, det er vanskeleg sidan Adrian er sikker på at den ukjende er muslim og kanskje terrorist. Ei jente i klassen spelar også ei viktig rolle i denne historia.
Dersom du likar humor, kan du risikere at denne boka er noko for deg - overraskande slutt. Boka fekk i fjor Ark sin barnebokpris. Forfattar: Endre Lund Eriksen

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar