Elg i solnedgang
Elg i solnedgang er eit veldig populært motiv for kunstmålarar, særleg dei litt eldre. 
Bestefar til Thomas er målar og svært oppteken av elgar. Thomas er på besøk i
sommarferien og saman med bestefar oppdagar han ein levande elg i byen, fyrst i parken og så på zoologisk museum. Det endar med at elgen blir med dei heim og får koma inn i huset, men det er ikkje så lett å bu saman med ein elg.Dei to får mange slags opplevingar saman med dette dyret.Inni forteljinga får du også litt faktastoff om elgar. Bak i boka er det elgdikt.
Det er Bjarte Bjørkum som har skrive denne boka. han er både forfattar, fotograf og illustratør.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar