Den usynlege kona og andre forunderlege folk
Terje Jonassen har skrive denne boka med fleire historiar i. Her møter me Adrian og Brynhild som kjem opp i mage slags merkelege problem. I den fyrste forteljinga vert Brynhild usynleg, det er ikkje enkelt, særleg ikkje når ho berre vil vera inne og heller ikkje vil snakka. Snart lurer naboane på kvar ho er og ein dag kjem politiet, dei både spør og byrjar å grava i hagen...
I andre forteljingar møter me mystiske personar på taket og innbrotstjuvar som vert inviterte inn. Dette er boka for deg som vil ha rare og morosame forteljingar.


0 kommentarer:
Legg inn en kommentar