Vampyrnatten
Forfattar: Ingun Aamodt
Tittel: Vampyrnatten
Spennande grøssar
Denne boka er ei av bøkene i serien: Marg og Bein. Marg og Bein er ein råskummel serie. Eg valde denna boka fordi eg har lese nesten alle dei andre bøkene i serien. Sjekk under senga, ha lommelykta klar og førebu deg på isande grøss.
Det begynner med at Christian, Joakim og heile 7.klasse skal overnatte på skulen. Utanfor skulen er det ein stein som står Hans Grimler på. Plutseleg får 7. klasse besøk av ein mystisk forfattar. Ingen veit kva han heiter eller kva bøker han har skrive. Christian og Joakim gidd ikkje å høyra på han, så dei går ut. Plutseleg ser dei at steinen ikkje er noko stein lenger, det var fyrst no dei skjønte at det var ei grav som stod Hans Grimler på. Og dei såg og at hella var dytta vekk og at det ikkje låg nokon der...
Denne boka passar for 10-15 år

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar