Dei svenskane.... og andre..
Veit du kvifor svenskane kryp på golvet i butikken? Fordi dei leitar etter låge prisar!
Den hadde du kanskje høyrt før? Det hadde ikkje eg.
Då eg var på besøk i ein 4. og 5. klasse hin dagen, las eg opp nokre vitsar frå Norsk barneblad, som er eit veldig bra blad.Straks var det ti hender i veret og eg fekk sikkert høyra tjue svenskevitsar.Dessverre har eg alt gløymt dei, men eg hugsar i alle fall nokre av bøkene eg snakka om.

Det var blant andre Heilt paseleg vill av Bente Bratlund. Denne boka handlar om ei jente som heiter Elise og som får besøk av bestemor si frå Nord Noreg når mor og far skal til London - utan henne! Dette trur ho blir kjempekjedeleg, men der tek ho feil.Tenk i den klassen eg var i, var det ei jente som heitte Elise og som hadde ei bestemor frå Nord Noreg.
Eg snakka også om Tøddel Blisterplytt av Rune Belsvik og Det kvite pulveret av Atle Hansen.
Desutan las eg frå Den blanke bjølla av Einar Økland og Vaffelhjarte av Maria Parr. Einar Økland har skrive svært mange bøker både for born og vaksne.I Den blanke bjølla er nokre av forteljingane hans for born frå ulike bøker samla. Boka ser kjedeleg ut utanpå tykkjer eg, men her skal du få ein smakebit frå ei av forteljingane:
«Det var forferdeleg som den faren i bilen banka guten sin. Var det lov, det? Han banka sikkert andre sine ungar endå meir?»(Frå novella «Midt i ein sommar», 1975.)

1 kommentarer:
Korfor kan ikkje eg hosta når Morten Harket?
Legg inn en kommentar